Opplev sakte tid på ein ekte støl
Mange drøymer om å slappe av og finne roen i ferien. Hos oss kan du nyte dagane på ein av dei velrestaurerte stølane. Finst det noko meir avslappande enn å sitje i eit intimt stølsmiljø og høyre humla suse? Kjenne varmen frå veggen og lukta av sjel og historie? I det fjerne kan du høyre sauebjøller, og kanskje får du nærkontakt med eit lam? Små nære ting som mange av oss sjeldan opplever i ein hektisk og moderne kvardag. Sjeldan smaker maten så godt som den gjer i fjellet.
Med sine historier gjennom generasjonar, har stølane i Gloppen ein spesiell plass i hjartet til mange av innbyggjarane. Kanskje får dei ein spesiell plass også i ditt? På stølane rår ei avslappande atmosfære i vakre omgjevnader som til no har vorte oppdaga av forholdsvis få besøkjande.
Om du ønskjer ein romantisk ferie med din kjære, eller du ønskjer å gi barna dine ei ekte oppleving med tett kontakt med naturen, familien og dyr, nyt ein eller fleire feriedagar på ein av stølane våre.
Last ned brosjyre
Andre opplevingar i Gloppen
|